Hjem > Informasjon > Silsetrenna 2015: Fire turar til toppen

Silsetrenna 2015: Fire turar til toppen

Årest Silsetrenna samla om lag 80 deltakarar, her  finn du resultatliste for randonee og  Fjelltelemark.

Premieutdeling ved Silsethytta

Premieutdeling ved Silsethytta

For mange var det nok å ta turen opp til toppen ein gong, for dei som deltok i konkurransen skibestigning/randonee var det lagt opp til tre turar opp og ned til toppen av Indergardsnebba.

Hildegunn Gjertrud Hovdenak deltok først i konkurransen randonee, der ho vann dameklassen. Hovdenak hadde også betre tid enn fleire av mannfolka. Etter at ho hadde kome i mål, tok ho like godt turen til toppen ein gong til for å delta i fjelltelemark. Her vann ho Åpen klasse for kvinner med tida 4,27 min.

Det var lagt opp til konkurransar både for store og små, og inne på Silsethytta var det fyr på peisen og open kiosk.

Litt etter kl 14 var det start for seniorklassen i Fjelltelemark. Her var det Harald Harstad som dagens beste tid på 3,28 min.

Juniorklassen hadde berre deltakarar frå Eidsvåg IL, og her var det gode tider, som hadde hevda seg godt i seniorklassen.

Bilder – Skibestigning:

Bilder – Fjelltelemark:

Categories: Informasjon Tags:
Kommentarer er stengt