Hjem > Informasjon > Resultat Silsetrenna 2016

Resultat Silsetrenna 2016

Håkon Klerud Johannessen frå Romsdal randoneeklubb  vann konkurransen i randonee under årets Silsetrenna, med tida 1:26:11. Like bak kom Glenn Tore Løland, NTNUI på tida 1:26:22. På tredjeplass kom Martin Andresen frå Engerdal IL, med tida 1:31:50.  Mest imponerande var kanskje Sondre Svensli frå Eidsvåg IL, som stilte i juniorklassen og fekk tida 1:33:00, og hadde totalt fjerde beste tid. I dameklassen (aktiv) var det berre ei dame som stilt i år, og her fekk Silje Mordal 1:50:02.  Sjå heile resultatslista her

I fjelltelemark var det nærare 50 små og store som stilte til start. Beste tid i dameklassen gjekk til Benthe Haugen, Molde Sykkelklubb med tida 3:57. Raskaste i herreklassen var Harald Harstad Kubikklurken Telemarklaug med tida 3:27. Begge konkurrerte i åpen klasse, der utstyr er valgfritt. Her kan du sjå heile resultatlista

img_8459v2_1600

img_8266v2_1600

 

Categories: Informasjon Tags:
Kommentarer er stengt